Velkommen til Voss Kulturskule!

Med ljos
Skulen vår tilbyr undervisning i musikkleik, song, ulike instrument samt biletkunst.
Me har sambruk med Vangen skule, der det meste av undervisninga går føre seg.
Publisert av Trond Remme. Sist endra 29.04.2008
Undervisninga er lagt til etter skuletid eller i Sfo- tid.
For nokre av tilboda må ein rekne 1-2 års ventetid, så det er lurt å vera tidleg ute med søknad! Ein vil då stå på venteliste til det blir ledig plass.

Voss Kulturskule har 60-års jubileum i 2008. Me er stolte av å føra vidare ein rik tradisjon innan musikkundervisning, samt å utvida tilbodet vårt til fleire disiplinar. Biletkunst kom inn i skulen i 2001, og då endra skulen navn til Voss Kulturskule (frå Voss Musikkskule). Seinare er tilboda kveding og hardingfele lagt til som tilbod. Tradisjon og fornying går i dag hand i hand. Det har mellom anna vore tradisjon for orkesteret Fossegrimen, å rekruttera musikarar frå kulturskulen.

Kulturskulen fylgjer skuleruta, og i løpet av eit skuleår har me mange små og store konsertar, samt nokre større oppsetjingar. På ein del av desse samarbeider lærarane på tvers av disiplinar. Det betyr at me til dømes har eit felles tema, som vert sydd saman til ein framsyning. Framsyninga ”Med Ljos”, som vart vist i Ungdomshallen 18. og 20. april 2008, er døme på eit slikt samarbeid.

Kontaktinformasjon
Voss kulturskule
co/Vangen skule, Gymnasv. 6,
Postboks 145
5701  Voss
 
voss.kulturskule@voss.kommune.no
 
 
Telefon : 56 51 96 70 - 56 51 96 79
Faks : 56 51 96 69
Mobil : 911 65 244
Kommunenr. : 1235
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Søk