|
|
|
|
Vi du bli gardbrukar eller har du nettopp teke over? Fordi du skal trivast – møt ein fadder som driv og har svar på spørsmåla dine!
Fadderprosjektet er eit tiltak der nye brukarar vert rekruttert, og får påfyll av kunnskap. Gjennom dette prosjektet vil vi få meir trivnad, auka kompetanse, tettare fagmiljø og meir samarbeid (t.d. sanking, hausting, avløysing, innkjøp av driftsmidlar og mykje meir). Prosjektet legg til grunn et tett samarbeid med andre rådgjevingsteneste. Ramma til heile prosjektet vil vera eit strukturert opplegg, der både fadder og "fadderelevane/ nystartarar" vil få nytte gjennom kompetanse- og nettverksbyggjande tiltak. Økonomisk stønad frå hovudprosjektet Landskap i drift til enkelte fadrane skal honorera innsatsviljen deira frå offisiell side, noko som vil vera eit viktig signal ut til næringa.
Fadderprosjektet er ein unik sjanse til å koma i kontakt med erfarne brukar som er interessert i å dele kunnskap, kompetanse og erfaring på ein lett og triveleg måte. Dette for å lukkast med drifta. Me tilbyr eit uformelt samarbeid med rammer som garanterer deg gratis (subsidiert) rettleiing frå fadderen din, eller kurs, nettverksbygging og kontakt med faglaga, som vil gjera starten til ein endå betre ein! Fadrane vil setja pris på å få deg som ny kollega i nærleiken, både for trivnaden og framtida sin del.
Med 10 aktørar på di side vil du lukkast:
1. Hordaland Bondelag, 2. Hordaland Bonde og Småbrukarlag, 3. Norsk landbruksrådgiving, 4. Nortura, 5. Hordaland Sau og Geit, 6. Mattilsynet, 7. Skogeigarlaget Vest, 8. Fadder, 9. Landskap i drift, 10. Landbrukskontor
Korleis koma i gong? Ta kontakt med oss - me vil hjelpa deg med å få kontakt med "fadderen" din. Fadderen vil tilby 15 timar rådgjeving som han/ ho får dekka av prosjektet. Det kan også bli lagt til rette studietur, bondekafé og enkelte kurs som kan verte nyttig for den vidare drift. For meir info kan du også sjekka heimsida vår: www.landskapidrift.no "Fadderprosjekt" Meld din interesse innan 31. aug!
Eit kompetent nettverk vil kunne hjelpe deg med mykje
| Ressursvurdering | Fadder |
| Areal/bygging/maskiner | Fadder |
| Nettverk/tilgong til faglag | Fadder |
| Visjon | Fadder |
| Vurdere driftsplan | Fadder/ Norsk landbruksrådgiving |
| Formidle tomme bygg | Fadder |
| Opplevingar/fjellbeite | Fadder |
| Husdyrlære/plantelære | Fadder/ Norsk landbruksrådgiving/ Hordaland sau og geit/ Mattilsynet |
| Formidling av dyr | Fadder/ Nortura |
| Omsetting | Fadder/ Nortura |
| Studieturar/ kurs | FMLA, HB, HBS, LR |
|
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Voss kommune
|
|
Uttrågata 9
|
|
Boks 145
|
|
5701
Voss
|
 |
|
Telefon
|
:
|
56519400
|
|
Faks
|
:
|
56519651
|
|
Org.nr.
|
:
|
960510542
|
|
Kontonr.
|
:
|
3201 46 70954
|
|
Kommunenr.
|
:
|
1235
|
|
Vakttelefon Tekniske tenester
Vegvisar til det offentlege
|