Planar

I medhald av plan -og bygningslova §20 skal alle kommunar driva løpande planlegging for å samordna den fysiske - økonomiske - sosiale og kulturelle utviklinga i kommunen.

Kommuneplanen er ein overordna plan for Voss kommune. Planen gjev saman med statlige krav retningsliner, rammene til underliggjande kommunedelplanar.
Gjeldande kommuneplan vart vedteken av kommunestyret 29.03.2007 og er gjeld for perioden 2007-2018. Kommuneplanen vert rullert minst kvart 4 år. Planarbeidet vert leia av utval for plan og økonomi.
Kommunedelplanar tek opp spesielle tema eller omhandlar bestemte geografiske område.
Økonomiplanen skal med utgangpunkt i kommuneplanen og årsbudsjettet gje realistiske vurderingar av kommune sin samla inntekter og utgifter og synleggjera kva kommunen sine inntekter skal nyttast til i åra som kjem.
Reguleringplanar/arealplanar skal utarbeidast for dei områda i kommunen der det er bestemt i arealdelen av kommuneplanen at utbyggjing kan skje etter denne planen og for områder der det skal utførast større byggje -og anleggsarbeid.

Publisert av Per Backer. Sist endra 05.01.2010
Søk
Skriftstørrelse
a - a - a
Kontaktinformasjon
Voss kommune
Uttrågata 9
Boks 145
5701  Voss
 
postmottak@voss.kommune.no
 
 
Telefon : 56519400
Faks : 56519651
Org.nr. : 960510542
Kontonr. : 3201 46 70954
Kommunenr. : 1235
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Eksterne lekkjer
Voss i media
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Einar Hauge      Telefon 56519400      E-post: postmottak@voss.kommune.no