I Voss kommune er det for tida 10 kommunale og 10 private barnehagar. Barnehagane er lokaliserte rundt om i heile kommunen. Kommunen har full barnehagedekning.
Barnhagane varierer i storleik. Den største og nyaste er Voss barnehage som er lokalisert på Tvildemoen like ved Voss sentrum.
Skjema finn ein på hovudmenyen under Sjølvbetening -> Skjema.
Departementet har vedtatt ny makimalspris på foreldrebetaling frå 01.01.07, på 2330 kroner for ein heil plass i barnehagen.
Barnehagen stod ferdig i 1991.Me har eit godt og funksjonelt barnehagebygg og ein triveleg uteleikeplass. Uteplassen er mykje naturleikeplass, men er også tilrettelagt for sykling, husking, sandleik, klatring og aking om vinteren.
Lundhaugen barnehage ligg på Lundhaugen med adresse Ringheimsvegen 23, 5-10 min. gangavstand frå Voss sentrum opp mot Voss sjukehus og Rogne vidaregåande skule.
Barnehagen heitte tidlegar Sundve/Myrkdalen barnehage. Barnehagen er no flytta til Myrkdalen og har fått nytt namn.
Denne sida vil bli oppdatert med nye endringar seinare.
Nedanfor finn ein ei oversikt over dei private barnehagane i Voss kommune.
Voss barnehage er ein ny kommunal barnehage, i ca 10-15 min. gåavstand frå sentrum på Tvildemoen. Barnehagen vart opna 10 august 2009. 109 born har no plass i barnehagen. 38 tilsette i Voss kommune har arbeidsplassen sin her.