Kultur- og fritidstilboda i kommunen held eit godt nivå og kommunen har mange verdifulle kulturinstitusjonar. Ole Bull Akademiet, Fossegrimen, Vestnorsk Kulturakademi, Voss Folkemuseum og Vossa Jazz er eksempel på dette. Kommunen har og eit variert lagsliv. Utviklinga viser at dei breie, meir allmenne og ålmengagnlege organisasjonar er i tilbakegang, medan meir spesialiserte, avgrensa organisasjonar er i vekst. Det vil vera ei utfordring for kommunen å sikra eit godt samspel med dei frivillige organisasjonane.
Voss er rekna for å vera ein av kommunane i Hordaland som er rikast på faste kulturminne. Kjende fornminne er automatisk freda gjennom kulturminnelova. Vidare er eit 30-tals nyare kulturminne vedtaks-freda etter initiativ frå riksantikvaren. Evanger sentrum er regulert til spesialområde vern som kulturhistorisk verdifullt bygningsmiljø. Det er utarbeida og vedteken ein kommunedelplan for kulturminne og kulturlandskap i Voss kommune.
Kontaktinformasjon
Gunnhild Utkvitne