- Mynde til å avgjera søknader/meldingar i medhald av plan- og bygningslova
- Behandling av søknader etter forskrift om mindre avløpsanlegg (eitt- og tohus-anlegg)
- Behandling av søknad om deling av einskildtomter og tilleggsareal
Frå 1.Juli vert ny bygningslov gjeldande, noko som betyr:
• Alle byggjesaker som er sendt kommunen før 1.Juli 2010, vert behandla etter lovverket som var gjeldande fram til den dato. Dette gjeld alle trinn i byggjesaka, frå søknad til ferdigattest.
• Alle nye byggjesøknadar skal sendast inn i henhold til den nye forskrifta, Forskrift om byggjesak (SAK10)
Lenker til dei ulike sakstypane:
• Arbeid som ikkje krev søknad om løyve, jf. Pbl § 20-3.
• Arbeid som krev søknad om løyve, der tiltakshavar kan stå ansvarlig, jf. § 20-2, kan sendast inn av privatpersonar.
• Anna arbeid som krev søknad om løyve, jf. Pbl § 20-1, må sendast inn av foretak som kommunen kan godkjenna som ansvarlig søkjar
• Unntak frå søknadsplikt for arbeid som vert behandla etter andre lovar, jf. Pbl § 20-4.
Andre nyttige lenkjer:
• Byggjereglane 2009/2010
• ByggSøk bygning frå 1.Juli
• Nye byggjereglar - kva gjeld når ? Nye byggjereglar frå 1.Juli
Søknadsskjema
Vi anbefaler alle å benytta ByggSøk-bygning, som er oppdatert i forhold til dei nye reglane. Vi aksepterer at dagens blankettar blir nytta fram til dei nye føreligg.
Nokon viktige endringar i forhold til søknad etter pbl § 20-1:
• Gjennomføringsplan skal vedleggjast,
• Kontrollerklæring og samsvarserklæring skal ikkje vedleggjast.
• Det skal ikkje søkjast om ansvarsrett for egenkontroll, kun om uavhengig kontroll, når det er aktuellt. (reglane om uavhengig obligatorisk kontroll trer først i kraft 1.Juli 2011)
Det skal fortsatt søkjast om ansvarsrett for funksjonane som søkjar, prosjekterande og utførande.
• Tiltakshavar vel sjølv om han vil bruka reglane i teknisk forskrift (TEK) eller reglane i byggteknisk forskrift fram til 1.Juli 2011. Noko som skal framgå av søknaden.
Våtrom er søknadspliktig etter pbl § 20-1, og krev bruk av ansvarlig foretak. Dette gjeld også våtrom i tiltak som for øvrig behandlast etter pbl § 20-2 (f.eks i eit tilbygg der verken samla bruksareal eller bebygd areal overskrid 50m2 ). Våtrom i alminnelige driftsbygningar i landbruket er unntatt.
Spørsmål om byggesaker skal rettast til servicetorget:
Tlf. 56 51 94 00
Fax. 56 51 96 51
E-post:
postmottak@voss.kommune.no
Fagansvarleg: Olav Dolve Afdal