Pedagogisk-psykologisk tenestekontor

Pedagogisk-psykologisk tenestekontor er ein stad der foreldre, skule- og barnehagepersonell, helsepersonell eller elevar kan søkja råd i spørsmål som gjeld trivsel, tilpassing og opplæring for barn.

Tenesta skal hjelpa skulen og barnehagen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggja opplæringa betre til rette for eleven/barnet med særlege behov.

Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgja for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.

Ved PPT Voss arbeider fagfolk med ulik bakgrunn og røynsle. PPT-kontoret hjelper til med å leggja tilhøva best mogeleg til rette for eleven/barnet og familien.

Kva arbeider PPT med?
Nokre døme på kva ein arbeider med ved PPT-kontoret:

  • Funksjonshemmingar av ulike slag
  • Fagvanskar (t.d. lese-/skrivevanskar, matematikkvanskar)
  • Språk- og talevanskar
  • Mistilpassing i heim, skule og barnehage
  • Problemåtferd
  • Oppsedingsspørsmål
  • Emosjonelle vanskar
  • Overdrevne sinne- og raseriutbrot
  • Mobbing
  • Skulevegring
  • Overgang frå grunnskule til vidaregåande skule
  • Systemarbeid i skuleklassar/barnehageavdelingar


Merk elles!Foreldre kan sjølve tilmelda barn/unge til PPT utan at skule eller barnehage treng vita det. Når andre enn foreldra ynskjer at barnet skal koma til PPT-kontoret, må alltid foreldra vera samde i dette, og skriva under tilmeldingskjemaet.

Klassar og barnehageavdelingar kan og meldast til PPT.

Tilsette ved PPT-kontoret har teieplikt. Alle tenester ved PPT-kontoret er gratis.

PPT Voss samarbeider med, og sel tenester til kommunane Aurland, Granvin, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang.


Kontaktinformasjon
Voss kommune, PPT-kontoret
Postboks 222
5702 Voss
Besøksadresse: Miltzowsgata 2
Telefon: 56514780 Faks: 56520491
E-post: post.ppt@voss.kommune.no

Leiar: Berit Lid Sekse
Telefon 56514783

Publisert av Per Backer. Sist endra 18.08.2010
Søk
Skriftstørrelse
a - a - a
Kontaktinformasjon
Voss kommune
Uttrågata 9
Boks 145
5701  Voss
 
postmottak@voss.kommune.no
 
 
Telefon : 56519400
Faks : 56519651
Org.nr. : 960510542
Kontonr. : 3201 46 70954
Kommunenr. : 1235
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Eksterne lekkjer
Voss i media
VisitVoss
Vakttelefon Tekniske tenester
Vakttelefon Tekniske tenester
Regjering og Departement
Vegvisar til det offentlege
For tilsette!
Bedrekommune
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Einar Hauge      Telefon 56519400      E-post: postmottak@voss.kommune.no