Eigedomsskatt i Voss kommune

3 hus

Voss kommune innførde eigedomsskatt f.o.m. skatteåret 1983. Den 17. februar 2005 vedtok kommunestyret Voss kommune å utvide grensene for eigedomsskatt.

I løpet av 2009 skal samtlege eigedomar i kommunen takserast for å oppdatera Matrikkelen.

Publisert av Trond Remme. Sist endra 10.06.2009

Kommunestyret vedtok den 27.11.2008 (sak 08/102) at:

1. Voss kommunestyre godkjenner prosjektet for alminneleg taksering for eigedomsskatt. Dette inneber oppdatering av Matrikkelen, og alminneleg taksering av samtlege eigedomar i heile kommunen.

2. Prosjektet vert ført som eit sjølvfinansierande investeringsprosjekt med kostnadsdekking innan vatn, avlaup, renovasjon, feiing og eigedomsskatt. Prosjektet har ei kostnadsramme på kr. 7.000.000,- Det vert ført eige prosjektrekneskap

I fylgje eigedomsskattelova, skal alminneleg taksering skje kvart 10. år. Sist Voss kommune gjennomførte alminneleg taksering var i 1996. Takseringane av nye eigedommar, har ikkje alltid tatt utgangspunkt i nivået frå 1996, og ein har fått ulike nivå på takseringa, noko som ikkje er i tråd med likebehandlingsprinsippet i eigedomsskattelova.

I fylgje tidlegare vedtak, skulle ein ha gjennomført dette allereie i 2006, men arealtala i Matrikkelen (tidlegare GAB) var for dårleg, og prosjektet vart for kostbart og tidkrevjande.

Analyse av innhaldet i Matrikkelen pr 15.08.2008 gjort av Geoservice AS, syner at Matrikkelen har arealopplysingar om 1/4 av bygningane. Ein har no ein eineståande sjanse til å få rydda opp i Matrikkelen, noko som i tillegg vil føra til meir rettferdig fakturering av gebyr for vatn, avlaup, renovasjon og eigedomsskatt.

Pr i dag har Voss kommune fleire register for arealmåling, alt etter kva gebyr ein skal betala. Det optimale må vera å kunna forhalda seg til eit register, ikkje minst for kundane. Samstundes som ein gjennomfører alminneleg taksering, er det naturleg å ha ei opprydding i fakturagrunnlaget for vatn, avlaup, renovasjon og feiing.

Trondheim kommune har rettane til illustrasjonane som er nytta på desse sidene.

Søk
Skriftstørrelse
a - a - a
Kontaktinformasjon
Eigedomsskatt
Voss tinghus
Postboks 145
5701  Voss
 
eigedomsskatt@voss.kommune.no
 
 
Telefon : 56519400
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Eksterne lekkjer
Voss i media
VisitVoss
Vakttelefon Tekniske tenester
Vakttelefon Tekniske tenester
Regjering og Departement
Vegvisar til det offentlege
For tilsette!
Bedrekommune
Levert av ACOS AS